ELLINGSØY FERJE- OG BILLAG
Ellingsøy Ferje- og Billag A/S (EFB) var eit av dei mange små ruteselskapa i Ålesundregionen som gjekk inn i det som ble Ålesund Bilruter. Både på Ellingsøya og på naboøyene var det ruteselskap som dreiv både ferjerute og bilruter.
Ellingsøy Ferje- og Billag blei stifta i 1946, og starta da opp med privat fergedrift mellom Hoff på Ellingsøya og Flatholmen i Ålesund. Året etter starta dei opp bussruter mellom fergekaia på Hoff og Taftasund, godsrute mellom øya og Ålesund kom og i drift. Fra 1958 anløp også Ellingsøyferga Skateflukaia i Ålesund på en del avganger.
B/F Ellingsøy (1), tidlegare ”Våge-Norvik” legg til kai på Flatholmen i 1962.
I 1964 kjøpte EFB ei ny og større ferje (med same navn) I 1976 overtok MRF fergedrifta, og Ellingsøy Ferje- og Billag fortsatte med buss og godsruter.
EFB bygde verksted- og garasjeanlegg på Stokke rundt 1950. Dagens anlegg står på samme tomta.
Det var bygdevegar på Ellingsøya frå kring 1910, og i åra mellom 1977 og 1988 var det stor vegopprusting til moderne standard. Ellingsøya fekk fastlandssamband innover mot Mauren og Stette i Skodje kommune då brua over Taftasundet inst i austre enden av øya vart opna i 1961. Sjøl om ein då hadde fastlandssamband via Dragsundet eller Skodjebruene, var det ferdsla til og frå Ålesund sentrum som var hovedferdsla på Ellingsøya. Her fekk ein ferjeavløysing i 1987, då dei undersjøiske tunnelane vart opna.
To av selskapets busser ved fergekaia på Hoff.
Etter at også buss- og godsrutedrifta vart overført frå EFB til Ålesund Bilruter i 1985, gjekk EFB over til å vere eigar av garasjeanlegget på Stokke på Ellingsøya. Dette vart leigt ut til ÅB, seinare Nettbuss. Så kom anbodskonkurransen også til Ålesund-området med verknad frå 1.1.12. Her vart det Fjord1 Buss Møre som fekk tilslaget på anbodet, og Nettbuss si avtale med parkering og stasjonering ved EFB-anlegget gjekk ut. EFB ga no signal om at dei ønskte å selje bygget, sidan ein ikkje hadde fast leigetakar.
RUTEBILHISTORISK SENTER EFB (RHS)
Veteranvognmiljøet på Sunnmøre har ei god drivkraft gjennom Hans Olav Drabløs, han såg for seg at EFB-anlegget på Ellingsøya kunne verte ein fin tilhaldsstad for RHF Sunnmøre. I styret i lokalavdelinga leika vi litt med tanken, og tenkte tanken at "det hadde vore noko, det...", utan å heilt ha tru på at dette let seg realisere. Men så kom genistreken:
Fjord1 Buss Møre hadde i sitt anbodsopplegg måtte legge opp til parkering av vognene på Ellingsøya på ein parkeringplass ved ein butikk, utan å kunne tilby sjåførane ein stasjoneringsstad med pauserom og toalett. Denne ordninga var det eigentleg ingen som ønskte, og den var heller ikkje gratis. Både parkeringsavtale og kompensasjon til sjåførane kostar pengar. Nettbuss og Fjord1 Buss Møre (i dag VY) hadde no eit tett samliv i Vågaveien i Ålesund (også i eigarskap), og Hans Olav Drabløs m.fl. fann fram til at dersom RHF Sunnmøre kjøper Ellingsøyanlegget og leiger ut parkering og sosiale rom til stasjonering for sjåførane på øya, så ville leigeinntektene kunne forrente eit lån på godt over 1 million kroner.
Ellingsøybussen anno 1979 og 2014
No såg styret i RHF Sunnmøre at det faktisk kunne vere realisme i å få til eit kjøp av bygget. Taksten på det godt vedlikehaldne bygget kom på kr. 1 950 000,- + omkostningar, så det var likevel eit stykke opp og fram til ein kunne våge å gå for ein handel. Vi starta ei storstila "tiggarrunde" både til fond og ideelle stiftingar, til leverandørbedrifter og lokale bedrifter på Ellingsøya, kronerulling i RHF, og ikkje minst søkte vi Møre og Romsdal Fylkeskommune om midlar, både gjennom Kulturavdelinga og Samferdsleavdelinga. Det var mange lovord å få frå offentleg hald, særleg var samferdsleadm. veldig positivt innstilte til å finne ei løysing for oss. Dei såg likevel for seg eit samarbeid med kultursektoren for å gje ei løyving.
Etter fleire søknader, framsnakking frå samferdslekontoret, og positiv omtale, kom stadige avslag frå kultursektoren. Dei hadde ikkje ei krone å avsjå til tiltaket vårt. No tok det til å haste for RHF Sunnmøre, for vi hadde frist frå selgar som vi hadde fått utsett. Dette fordi eigarane i EFB hadde svært stor sans for konseptet med eit Rutebilhistorisk Senter i anlegget! Hausten 2012 hadde samferdslepolitikarane i Møre og Romsdal hatt ei svært stor og viktig sak å jobbe med, nemleg Nordøyvegen - fastlandssamband for Nordøyane. Dette prosjektet gjekk samrøystes gjennom i alle dei fylkespolitiske organa. Vårt prosjekt "drukna" litt i alt dette. Samferdslepolitikarane i Møre og Romsdal fekk endeleg opp saka om løyving til oss i møte 5. september 2012. Leiaren i utvalet, Oddbjørn Vatne, kom med framlegg om kr. 300 000,- i løyving til Rutebilhistorisk Forening Sunnmøre til kjøp av rutebilanlegget på Ellingsøya! Etter ein del lobbyverksemd, særleg i dagane før møtet, vart framlegget samrøystes vedteke!
Hipp hurra!
Dette var tunga på vektskåla! No kunne vi våge å satse på kjøp av anlegget. Ein god innsats frå m.a. RHF-medlem og tidl. EFB-tilsett Hallvard Norvik ga bra med tilskot frå det lokale næringslivet på Ellingsøya - her finnst det fleire store bedrifter i ulike bransjar. I tillegg har hovedstyret i RHF gitt RHF Sunnmøre eit rentefritt lån på kr. 150 000,- over 5 år. For å ha god ryggdekning, og alt det formelle på plass, kalla RHF Sunnmøre inn til ekstraordinært årsmøte laurdag 6.10.12 for å ta stilling til spørsmål kring kjøp av EFB-anlegget. Møtet vart halde i veteranbussen frå EFB, etter synfaring på anlegget. Her møtte optimistiske og entusiastiske medlemar opp, og gjorde vedtak om at RHF Sunnmøre skal kjøpe EFB sitt anlegg. Leiar og kasserar fekk fullmakt til å ta opp lån inntil kr. 1 500 000,- til formålet, og ein vedtok vidare at eigarselskapet i prosjektet skal heite "Rutebilhistorisk Senter EFB", og at dette skal verte eit aksjeselskap med RHF Sunnmøre som hovedaksjonær. Styret i RHF Sunnmøre skal vere generalforsamling i selskapet. Vi fant etter nokre år ut aksjeselskap som driftsform ikkje var det beste for oss, så dette er no oppløyst og RHF avd. Sunnmøre står som eigar av bygget.
Bygget som ligg på søraustre delen av Ellingsøya er eit tidstypisk garasjeanlegg frå 1978. Bygt i stål med 7 lange og høge portløp, der 4 løp er uisolerte. Verkstaddelen med smøregrav og lager-/kontorrom er isolert. Samla BTA er 504 kvm.
RHF Sunnmøre vil takke alle som har bidrege til at draumen om eige bygg endelig blei verkeligheit!. Senteret er i god drift, men vi treng jamne inntekter for å vedlikehalde bygget, og også til å møte andre mogelege utgifter. Grasrotandelen frå Norsk Tipping er ei jamn og stabil inntektskilde, der du kan vere med å støtte oss.
EFB sitt verksted- og garasjeanlegg, bygd i 1978. Dette anlegget er no RUTEBILHISTORISK SENTER EFB.